Ein hall for alle
Det har lenge vore arbeidd med å få på plass ein fleirbrukshall på Ostereidet. Ein hall for idrett og kultur, der alle kan møtast og der både gamal og ung kan få trimme kropp og sjel. Med tid og stunder skal me få dette til. Det blir arbeidd godt, og hallen nyt medgang politisk. Målet er ein hall for alle når kommunane skal slå seg saman i 2020. Eit mål med meining.
Eikanger Idrettslag og Ostereidet bygdelag hyra inn Link Arkitektur for å få teikna ei idèskisse til inspirasjon for vidare arbeid. Denne vart nytta for å illustrera at det er mogeleg å plassera ein fleirbrukshall på Ostereidet.
Osterhallen vart vedteken inn i "Kommunedelplan for idrett, aktivitet og friluftsliv 2016 - 2024", av eit samla kommunestyre, men arbeidet pågår framleis for å halde fokus og det gode initiativet som har vore.
Antalet frammøtte på folkemøtet
Areal i ungdomsskulekretsen
Born på idrettskule kvar veke
Prosent av innbyggjarane som gledar seg